I søknadsprosessen til Innovasjon Norge i samband med bygginga, og då vi inngjekk samdriftsavtalen, vart vi einige om ein visjon og nokre hovedmål for samarbeidet vårt.
Straumsnes Mjølk og Kjøt vil arbeide for å oppnå topp kvalitet på produktleveransar ved å ha hovedfokus på velferd både for dyr og menneske.
Strategi
Straumsnes Mjølk og Kjøt skal:
Bidra til at minst ein av eigarane skal kunne ha jordbruket som leveveg, samt at dei andre skal kunne hente hovedinntekta si utanom bruket, utan at det forringar jordbruksdrifta
Bidra til at jordbruksarealet på Straumsnes vert nytta til matproduksjon
Satse på gradvis auke av mjølkeproduksjonen
Satse på auka kjøtproduksjon, og vurdere samarbeid med andre for å oppnå dette
Organisere ei god ferie og fritid for eigarane.
Driftsmålsetjingar:
Ha sterkt fokus på kalveoppdrett, minst 100 kg på 100 dagar
Lage gode kviger til mjølkeproduksjonen, minst 570kg ved kalving på 24 mnd
Levere oksar med god kvalitet, på minst 310kg på 14 mnd
Produsere kvalitetsmjølk, med yting på minst 10 500 l EKM
Drive aktiv avlsplanlegging, med fokus på haldbarheit
Kvar av oss levere godt grovfôr til SMOK, med kvalitet på minst 0,88 Fem pr. kg tørrstoff.