Velkomen til Straumsnes Mjølk og Kjøt DA

Samdrift på Straumsnes i Fjaler kommune, Sogn og Fjordane.

Om ossTa kontakt

Besøk oss i fjøsen!

Vi tek gjerne imot besøk i fjøsen. Best og kjekkast er å være med på mjølkinga i kveldsstellet, ca. kl. 18 - 19. Då får du sjå både mjølking og foring av dyra, og eventuelt være litt med i arbeidet. Ta kontakt om du er interessert i å kome innom oss. Særleg skular og andre større lag som vil kome på besøk, vert bedne om å gjere avtale i god tid.

Les meir

Samdrifta sitt formål

Samdrifta sitt formål er å drive felles mjølk- og storfekjøtproduksjon for å gje best mogeleg utnytting av deltakarane sine jordbruksareal og eventuelle areal som samdrifta eller deltakarane leiger. Samdrifta skal gje mogelegheiter for ordna arbeidsforhold, fritid, og ferie for deltakarane. Samdrifta kan utføre andre aktivitetar som er naturleg knytte til landbruket. Selskapet skal arbeide for best mogeleg resultat basert på dei ressursane som deltakarane stiller til disposisjon for samdrifta. 

Samdrifta vart etablert i januar 2006, med 3 likeverdige eigarar: Kjartan Åsnes, Oddvar Åsnes og Ole Jakob Nedrebø. Hilde Åsnes og Frank Igelkjøn har overteke Oddvar sin del frå 01.11.10. Kjartan er dagleg leiar, fulltidsbonde og har 70% av arbeidet i samdrifta. Hilde/Frank og Ole Jakob deler likt på 30% av fjøsstellet, og har sitt faste arbeid utanom: Hilde i helsevesenet, Frank som drivar av Joker Flekke, og Ole Jakob som kulturskoleråd.