Velkomen til Straumsnes Mjølk og Kjøt DA

Samdrift på Straumsnes i Fjaler kommune, Sogn og Fjordane.
"Samdrifta sitt formål er å drive felles mjølk- og storfekjøtproduksjon for å gje best mogeleg utnytting av deltakarane sine jordbruksareal og eventuelle areal som samdrifta eller deltakarane leiger. Samdrifta skal gje mogelegheiter for ordna arbeidsforhold, fritid, og ferie for deltakarane. Samdrifta kan utføre andre aktivitetar som
er naturleg knytte til landbruket. Selskapet skal arbeide for best mogeleg resultat basert på dei ressursane som deltakarane stiller til disposisjon for samdrifta."
Samdrifta vart etablert i januar 2006, med 3 likeverdige eigarar: Kjartan Åsnes, Oddvar Åsnes og Ole Jakob Nedrebø.
Hilde Åsnes og Frank Igelkjøn har overteke Oddvar sin del frå 01.11.10.

Kjartan er dagleg leiar, fulltidsbonde og har 70% av arbeidet i samdrifta. Hilde/ Frank og Ole Jakob deler likt på 30% av fjøsstellet, og har sitt faste arbeid utanom:
Hilde i helsevesenet, Frank som drivar av Joker Flekke, og Ole Jakob som kulturskulerektor.