Visjon og hovedmål

Bilde1.jpg
I søknadsprosessen til Innovasjon Norge i samband med bygginga, og då vi inngjekk samdriftsavtalen, vart vi einige om ein visjon og nokre hovedmål for samarbeidet vårt.
Dette har vi prøvd å fylgje etterpå, og det ligg som bakgrunn for alle avgjersler vi tek.
I samband med at vi i 2013 har bestemt oss for ei utviding av drifta, og ombygging til robot, har vi fornya strategien vår og laga oss nye driftsmål.

VISJON:
Straumsnes Mjølk og Kjøt vil arbeide for å oppnå topp kvalitet på produktleveransar ved å ha hovedfokus på velferd både for dyr og menneske.

STRATEGI:
Straumsnes Mjølk og Kjøt skal:
  • Bidra til at minst ein av eigarane skal kunne ha jordbruket som leveveg, samt at dei andre skal kunne hente hovedinntekta si utanom bruket, utan at det forringar jordbruksdrifta
  • Bidra til at jordbruksarealet på Straumsnes vert nytta til matproduksjon
  • Satse på gradvis auke av mjølkeproduksjonen
  • Satse på auka kjøtproduksjon, og vurdere samarbeid med andre for å oppnå dette
  • Organisere ei god ferie og fritid for eigarane

DRIFTSMÅLSETJINGAR:

  • Ha sterkt fokus på kalveoppdrett, minst 100 kg på 100 dagar
  • Lage gode kviger til mjølkeproduksjonen, minst 570kg ved kalving på 24 mnd
  • Levere oksar med god kvalitet, på minst 310kg på 14 mnd
  • Produsere kvalitetsmjølk, med yting på minst 10 500 l EKM
  • Drive aktiv avlsplanlegging, med fokus på haldbarheit
  • Kvar av oss levere godt grovfôr til SMOK, med kvalitet på minst 0,88 Fem pr. kg tørrstoff