Viktige hendingar


I frå 2013 finn du dei fleste nyheitene og daglege hendingar på facebook-sida vår, sjå og newsfeed på framsida.
Under her er arkiv av nokre viktige hendingar frå tidlegare:
.
.
26.08.12: Sommaren 2012.

001.JPGDet var ein god vekstsesong, og sjølv om vi har ein 3. slått att på noko av arealet, kan vi sei at sålang ser det betre ut enn i fjor. Tørt ver gjorde til at det vart lite køyreskadar, og graset ser ut til å ha både bra kvalitet og godt volum. Arbeidet på alle gardane har gått bra unda, og vi har både rundballa og to- trinnshøsta med forhaustar.

Vi er no midt ein ny kalvingsperiode, her eit bilde av kalv (kvige) nr 264 født 25. august. 264.jpgHo er eit resultat av kjønsseparert sæd og ein krysning mellom NRF og Holstein. Les meir om dette hos Geno. Legg og ved eit bilde av den flotte "værkua" vi fekk av Anna- Linnea - spesialsmidd i Finland. værkyr (1).jpg

.

.

.

4.11.11: SMOK "Årets matprodusent i Sogn og Fjordane"

"Årets matprodusent i Sogn og Fjordane er ei utmerking som vert gjeven første gong i år, til ei bedrift som vektlegg spesielt å produsere matvarer eller råstoff av beste kvalitet og under kvalitetssikra tilhøve. Utmerkinga skal også formidle at landbruket har fokus på kvalitet i alle ledd, at helse, miljø og tryggleik er ivareteke, og at god dyrehelse og dyreveldferd er prioriterte område. Produksjonen skal vere sunn og økonomisk berekraftig."

Vi i SMOK takkar audmjukt for tildelinga, som innheld flott diplom og kr. 10.000,- Dette både inspirerer og forpliktar til å halde fram med - som Kjartan sa i takketalen - å gjere den alle viktigaste jobben; nemleg det å lage mat. Samtidig ynskjer vi alle som har interesse av det, velkomne på fjøsbesøk.

Det er samyrkeorganisasjonane, faglaga, matprodusentane og Sogn og Fjordane Bondelag som står bak prisen. Juryleiar var Reiel Felde, og prisen vart delt ut av fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Les meir om prisutdelinga i Firda på nett.

pris1.jpg

pris2.jpg

.

.

.

.

.

.

.

21.10.11: Klauvskjering

Omlag halvårleg har vi profesjonell klauvskjerar til gards for å sjekke klauvene til kyrne. Idag tok vi 33 stk på omlag 6 timar. Vi nyttar Svein Ove L Osland (SOLO) til dette. Det er viktig for dyrevelferda og mjølkeproduksjonen at kyrne har gode føter å gå på.

klauvskjering1.jpgklauvskjering2.jpg

.

.

.

.

.

.

.

4.10.11: Erfaringsgruppemøte

Tine Bruks- Utvikling arrangerer erfaringsgrupper regionsvis. Desse skal være eit forum for dei med større lausdriftsfjøs. Sunnfjordgruppa møttest for 3. gong idag, på Straumsnes. 13 samdrifter og enkeltbruk var invittert.

Tema var jurhelsearbeid. engasjert innleiar var Liv Sølverød. Ho har bla skrive boka "Jurhelse", sjå meir om dette arbeidet her. Etter innleiinga var det sjølvsagt godt rom for erfaringsutveksling og drøftingar. Denne delen av møtet (fram tom lunsj) heldt vi på Kafé Nøff hos Bakkebø Gardsmat.

Etter lunsj var det fjøsrunde her på SMOK, der vi særleg såg på jurhelse, kalvestell og foring.

besøk smok1 okt11.jpg

besøk smok2 okt11.JPG

.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
.
11.6.11: slåtten er i gang.

Det har vore vått og kaldt omlag sidan 10. mai. Difor har graset utvikla seg sakte, og det er ganske vått på bøane, særleg her som vi har mykje myrjord. Men no er endelig tida for klargjering av utstyret over, og vi er såvidt i gang. Og viss vi får litt betre vèr dei neste 2 vekene vert det vel "ei råd i år og".

Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane har send ut prognosar

over graskvaliteten i fylket framover, du kan lese meldinga her.

20.5.11: Våren.

No er det altfor lenge sidan vi har oppdatert sida. Difor kjem det her ei lita oppsummering frå tida etter årsskiftet.

Det vart ein lang og kald vinter med mykje tele og snø. Heldigvis ser det ikkje ut til å være mykje jordskader her hos oss i år. Vi har fornya eindel eng, grøfta litt og direktesådd noko, omlag 80 daa tilsaman. Slepeslangesystemet vi eig saman, viser seg svært effektivt i gyllinga. F.eks gylla Ole Jakob sine 85 daa på 15 t effektiv arbeidstid. Då vart det lagt på ca 8,2 tonn gylle pr. daa i snitt.

Vi har montert automatisk mineralforing i mjølautomatane. Dette for å betre helsa, særleg rundt inseminering og kalving.

mjølking.JPGKalvingsperioden i februar/ mars starta litt dårleg. Det kom først nesten berre oksar, og på ei veke hadde vi naudslakt på 3 kyr med mjølkefeber og ein okse som hadde slost. Men tilslutt vart resultatet bra, nokolunde jamt mellom kviger og oksar, og 24 kalvar på 21 dagar er ikkje så verst treft i insemineringsperioden.

nyskerrig.JPGFramAgro- prosjektet er avslutta. Vi er svært nøgde med veiledninga vi har fått, og gjennomføringa av prosjektet. Resultata kjem vi attende med.

Likeeins kjem dei siste EK- tala og årsutskrifta når den er klar.

I første del av mai har vi ordna eindel gjerder, og fått ut dei første dyra, ca 25 stk til no. No er det førebuing til slåtten som er så smått har starta, vi reknar med å være igang med Raisvingelen i månadsskiftet mai/ juni, resten ei vekes tid seinare.

På bilda ser vi nyskerrige kalvar i småkalvebingen, og Pernille og bestefaren som mjølkar.

.

07.11.10: Vellykka open fjøs.

openfjøs2.JPG

open fjøs (11).JPG Vi hadde ein veldig flott dag forrige lørdag med mykje folk, med stort og smått var det 85 stk innom dørene. Det var stort sett folk frå Fjaler og Hyllestad, men også i frå Gaular og nokre tok turen heilt frå Fjærland.

open fjøs (10).JPGAsbjørn Fretland var med frå Felleskjøpet Agri, og Arve Arstein frå Norsk Landbruksrådgjeving hadde laga quiz som mange svarde på. Det vart delt ut info frå Norges Bondelag, og kanskje verva vi eit par nye medlemar...

Spesiellt kjekt var det at mange hadde teke med ungane sine på tur i fjøsen. Viktig at dei yngste får sjå korleis maten vår vert produsert.

Sjå fleire bilder på vår facebook side, her.

25.10.10: Vi arrangerer open fjøs laurdag 30. oktober kl 15 - 19.

I samband med 3-årsdagen for innflytting i ny fjøs ynskjer vi alle velkomne innom; anten du vil vere i lag med dyra, eller slå av ein fagprat. Vi serverer kaffi, saft og litt attåt.

Matglede har ope gardsmat-utsalet sitt på Bakkebø og denne dagen. So bruk gjerne ettermiddagen på Straumsneset, med kjøp av litt lokalprodusert mat først, og ein tur i fjøsen hos oss etterpå!

Representantar for Felleskjøpet Agri og Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane vert til stades. Mjølking i 2x3 tandemstall frå ca kl 18.00

Arrangementet er eit samarbeid med Fjaler Bondelag, FK Agri , DeLaval og Sparebanken Sogn og Fjordane.

.

25.10.10: SMOK no og på Facebook.

Vil du skrive ein kommentar, spørje oss om noko, eller poste eit bilde, så gjer det gjerne på vår nye Facebook side. Den finn du her.

.
30.09.10: Alle dyra på plass!

kviger.JPG kviger2.JPG

På søndag kom dei siste dyra tilbake til fjøsen. På bilda er det 12 kviger som får på seg data-brikke og vert slusa inn i gjeldkyravdelinga. Dei skal alle kalve i januar/februar neste år.

Vi har no hatt dyr ute sidan midten av mai, og alle har fått seg litt ferie, bortsett frå oksar og dei kyrne som var i produksjon i sommar. Utefôringssesongen har gått veldig bra, uten skadar og sjukdom. Det einaste problemet vi har hatt, var ein kalv som utruleg nok vart solbrend!

No er det ca 135 dyr med stort og smått i fjøsen, så vi brukar mykje tid der no og rundballane går fort unda..

.

20.09.10: Klauvskjæring

Forrige veke hadde vi klauvskjæring på dei fleste voksne dyra i fjøsen. Vi leiger Solo Klauvpleie og Stein Ove Løken Osland til dette arbeidet. Han er veldig dyktig i jobben, og med sin hydrauliske klauvboks er han rask og effektiv og.

Klauvhelsa ser bra ut i besetniga vår, med grei slitasje og få problem-dyr. Vi har til no skore klauver ein gang i året, men vi ser at det kan vere ein fordel for dyra å få sjekka klauvene 2 gonger årleg. Derfor kjem Osland igjen i mars neste år for ny sjekk!

På bilda under er det kyr nr.23 som får justert klauvene sine:

klauvboks.JPG

klauvskjæring.JPG

01.09.10: Sommaren snart over?

Vi har nok ikkje vore so aktive på nettsida vår som vi hadde tenkt i sommar, men det har vore ei travel tid med mykje som skulle gjerast og ferie som skulle avviklast. Her er ei lita oppsummering sidan sist: sÃ¥ing mai10 kompr.jpg

Bildet viser såing og tromling av fornya eng i mai.

1.slåtten starta sjølvsagt seint i år pga den kalde våren, ca 10-12 dagar seinare enn normalt, og med ein avlingsreduksjon på 20-30 %. Dei første fôrprøvene viser likevel at kvaliteten ser brukbar ut, og med høgt tørstoffinnhald. Solheim.JPG

Bilde viser pressing av raisvingel 08.06.10. Vi leiger Dag Jostein Furre Solheim til all rundballe-slått (ca 450 ballar i året)

Anna-Linnea Rundberg jobba for oss i fjøsen 14 dg i juni/juli, slik at vi hadde høve til å reise vekk. Desverre var det andre ting som måtte gjerast på våre eigne gardar, men ferie vart det litt seinare.

2. slåtten sette vi igang noko tidlegare en først tenkt, men vi fekk bra vær og kvaliteten bør verte bra. Skal legge ut nokre fôprøver etter kvart.

6. august starta årets andre kalvingspulje, og dei fleste har no kalva. Snart skal ein del av ungdyra som går ute latast inn igjen, så då byrjar det å fyllast opp i fjøsen at.

No håpar vi berre at sommaren held ei veke til, slik at vi kan få 3. slåtten i hus på skapeleg vis...

.

.

15.05.10: Mykje vinterskade på jordasÃ¥ing 1.jpg

Det syner seg no at vinteren har vore hard med jorda på kysten, og i fylgje Norsk Landbruksrådgjeving og Bioforsk Fureneset, er det soppen Snømugg (Fusarium nivale) som lyt ta skulda. Les meir om dette her. Siste veka har vi sådd over 200 kg frø med direktesåmaskina for å prøve å redde litt 2. slått. I allefall håpar vi å ha enga fin att til neste vår. Vi har brukt både eitt- og fleirårig raigras, samt vanleg engfrøblanding.

06.05.10: Vi lanserer ny heimeside.

Som vi lova i takketalen når vi fekk Fjalerprisen i desember (sjå nyhende frå 15.12.09), skulle vi nytte prispengane til informasjons- og kunnskapsspreiing via eigen, ny nettstad. Og no er vi i gang. Håpar du finn interessant fagstoff her. Send oss gjerne spørsmål og/ eller kommentarar.

.

Frå 2009:

15.12.09: SMOK fekk Fjalerprisen.

Vi er svært takksame og audmjuke over tildelinga, som fann stad i kommunestyret i går. Les meir på Fjaler kommune si nettside, på Bondelaget sin nettstad eller på vår gamle side.