Prosjekt

27.1.12.: Framtida til SMOK

Vi avslutta FramAgro prosjektet med ein framtidssamtale i lag med rettleiaren vår, Jan Ove Lotsberg.
Gjennom prosjektet har vi utvikla drifta og selskapet omlag som tenkt.

Måla vi styrer etter vart stor sett laga for 7 sidan, og vi tykkjer det var på tide å fornye dei litt.

VISJONEN står fast. Hovudmålsetjingane vart drøfta i går, og vi ser føre oss ein del endringar der.
Auka avdrått og fórkvalitet og - mengde er sentrale punkt her.

Gjennom dei komade 10 åra ynskjer vi difor å auke kvota, auke slåttearealet/ fórkvaliteten, og auke inntekta. Detaljar rundt kva dette betyr i praksis kjem etterkvart som dei vert konkretiserte.

FRAM Agro

I perioden november 2009 - mars 2011 er vi med på Innovasjon Norge sitt prosjekt FRAM Agro.
Hovudmåla for prosjektet er å auke lønnsemda til deltakarane sine føretak tilsvarande 5 % av forrige års omsetning. Konsulenfirmaet Mentor ved Pål A. Dahl har ansvar for prosjektleiinga, og med seg har dei eit sett av frittståande konsulentar/ rådgjevarar.

Den 25. og 26. mai 2010 gjekk 3. samling av stabelen på Skei. Vi møttest i fjøsen til Utsekta Samdrift på Byrkjelo. Resten av dagane gjekk føre seg på Skei Hotel. Tema var økonomi og økonomistyring, lønnsomhetsutvikling, litt leiaropplæring, og marknadsføring/ omdømmebygging. Elles var erfaringsutveksling sjølvsagt eit viktig element, både i formelle og uformelle fora. 2 nyttige og lærerike da