Informasjon om SMOK

Kjartan.JPG
Straumsnes Mjølk og Kjøt Da vart skipa 05.01.2006, og i formålsparagrafen i selskapsavtalen står det bl.a. fylgjande:
"Samdrifta sitt formål er å drive felles mjølk- og storfekjøtproduksjon for å gje best mogeleg utnytting av deltakarane sine jordbruksareal og eventuelle areal som samdrifta eller deltakarane leiger.

Samdrifta skal gje mogelegheiter for ordna arbeidsforhold, fritid, og ferie for deltakarane. Samdrifta kan utføre andre aktivitetar som er naturleg knytte til landbruket.

Selskapet skal arbeide for best mogeleg resultat basert på dei ressursane som deltakarane stiller til disposisjon for samdrifta."

Medan vi planla - og seinare bygde, lagra vi mykje informasjon og mange bilder på ei enkel nettside. Her kan du finne mykje stoff om framdrifta i prosjektet: om opp- og nedturar undervegs, små og store hendingar og tekniske løysingar, heilt fram til innflytningsfesten 14. okt. -07 og dei påfylgjande dagane då dyra fekk kome inn.

Vi bygde nytt fjøs i 2006/2007 som vi flytta inn i den 18.10.2007. I 2014 vart gjort ei større ombygging, der det vart sett inn Delaval VMS, laga fleire liggebåsar, bygd om fôrrom og bygd på eit ekstra lagerrom. Nedanfor er det oppliste ein del fakta om fjøsen og drifta ellers:

  • Fjøsen måler ca 60x22 m, er bygd på eiga fråskilt tomt (gnr.34 bnr.21) og fekk ein prislapp på 8,1 mill.
  • Bygget er finansiert med lån i Sparebanken Sogn og Fjordane på 5 950 000, tilskot frå Innovasjon Norge på 1 300 000, og eigenkapital og
    eigeninnsats på totalt 850 000. Ombygginga i 2014 er og finasiert i Spb Sogn og Fj. samt tilskot på 900 000 frå Innovasjon Norge
  • Fjøsen har 51 +14 liggebåsar til kyr, og bingar til alle kviger og oksar. Totalt er det plass til 150 dyr.
  • Mjølkekvoten er på 442 tonn ( 2015) og vert produsert i ein Delaval VMS
  • Vi har plass til fullt påsett, og slaktar ca 25 oksar i året, samt at vi sel nokre livdyr.
  • Grovfôrhandteringa er automatisert og skjer med ein Delaval mixar 16m3 og og ei OTS distribusjonsvogn
  • Grovfôrproduksjonen driv vi kvar for oss. Fôret vert lagra i eksisterande tårnsiloar og rundballar, og deretter seld til samdrifta.
  • Drift av areale våre skjer etter felles prioriteringar gjennom gjødselplan og arealplan, og vi disponerer i dag totalt 997 daa til grovfôrproduksjon og beite.
  • Samvirkebedriftene våre er naturlege og nære samarbeidpartnarar
  • Kjartan er dagleg leiar
 
Ku_ligger-wb.jpg
 
kalvar.jpg